Den 10.10.08 vart det skipa til
eit fellesmøte i prosjektet; Landskap i kommunal planlegging. Møtet
vart arrangert ut frå ønske om å lære av erfaringane dei ulike
kommunane har hatt med prosess og medverknad i plan- og analysearbeid.
I møtet var det stort engasjement og prosjektleiinga fekk mange gode
innspel og råd til det vidare arbeidet i prosjektet.