Direktoratet for naturforvaltning og Riksantikvaren har laga
rettleiar om landskapsanalyse til bruk i kommunal planlegging og
konsekvensutgreiingar. Mange av døma i rettleiaren er henta frå
landskapsanalysen Granvin herad fekk utarbeidd i samband med ny kommuneplan.
(17.03.2010 Oppdatert: 28.04.2010)
Les
meir
Lindås kommune har utarbeidd landskapsanalyse for Lindåsosane, Lygra og
Lurefjorden. Arbeidet er ein del av prosjektet "Landskap i kommunal
planlegging".
(29.01.2010 Oppdatert: 28.04.2010)
Les meir
Over 230 deltok på konferansen i Grieghallen. Jean-François Seguin som leier
Europarådet sine landskapskonferansar sette tema i ei internasjonal ramme.
Statssekretær i Kommunal- og regionaldepartementet og politisk rådgjevar i
Miljøverndepartementet stilte som innleiar og viser at tema også er viktig på
nasjonalt nivå. Konferansen ga mange og gode debattar som viste eit breitt
engasjement om landskapet.
(03.12.2009 Oppdatert: 28.04.2010)
Les meir
‘Landskap I kommunal planlegging' is a project which looks into how landscape
can be integrated in local spatial planning. The aim is to see how the
challenges that are specified in the European Landscape Convention can be
adressed locally, and how landscape issues can be taken into account in all
the processes that lead to a final area plan.
(01.10.2009 Oppdatert: 25.03.2010)
Les meir
Den siste prosjektsamlinga i "Landskap i kommunal planlegging" gjekk av
stabelen på Lyngheisenteret på Lygra 18. juni 2009.
(22.06.2009 Oppdatert: 28.04.2010)
Les meir
Odelstingsproposisjon nr. 32 viser til behovet for å modernisere
plansystemet i dagens plan- og bygningslov, og det er laga
eit forslag til ny plandel i lova. Arbeidet med landskap får med
dette ein betre reiskap når lova trer i kraft 1. juli i år.
(02.02.2009 Oppdatert: 28.04.2010)
Les meir
I regi av prosjektet vert det arrangert fagtur til England frå 25.
til 28. mars. Turen går først til Stroud og det flotte landskapet i
Cotswolds. I tillegg skal vi innom UNESCO-byen Bath som ligg
i 'the green hills of Somerset'.
Bilete frå programmet til Aurland naturverkstad. Foto: Andrew Martin
(22.01.2009 Oppdatert: 28.04.2010)
Les meir
Sund sitt arbeid med kommunedelplan for Skogsskiftet går framover, og
målet er at det skal ligge klart eit ferdig planutkast til høyring i
løpet av vinteren. Her kan ein lese delrapporten om Registrering og
analyse for planområdet, og siste versjon av plankart og føresegner.
(22.01.2009 Oppdatert: 28.04.2010)
Les meir
Prosjektleiinga hadde den 20.06.08 eit arbeidsmøte med Samnanger kommune
der innhaldet i landskapsanalysane for Lønnebakken og Erikajordet vart
drøfta. For å lese meir om innhaldet i arbeidsmøtet, sjå vedlagt
referat frå arbeidsmøtet.
(04.12.2008 Oppdatert: 23.10.2009)
Les meir
Årets kommuneplankonferanse som fann stad 28. og 29. oktober slo alle
rekordar i oppslutnad. Til saman rundt 260 deltakarar var samla rundt eit
breitt samansett program, der temaet Landskap i Hordaland var sett under
lupa frå mange ulike synsvinklar.
Les meir om kommunaplankonferansen
her
(12.11.2008 Oppdatert: 28.04.2010)
Les meir