Landskapiplan.no
    Du er her: Hovudside
    Hopp til menyen
    Avansert

    Fagtur til England i mars

    Fagtur til England - Foto: Andrew Martin - Copyright: Andrew Martin
    I regi av prosjektet vert det arrangert fagtur til England frå 25.  til 28. mars. Turen går først til Stroud og det flotte landskapet i Cotswolds. I tillegg skal vi innom UNESCO-byen Bath som ligg i 'the green hills of  Somerset'. 
    Bilete frå programmet til Aurland naturverkstad. Foto: Andrew Martin
    Ein studietur til England er svært relevant for å få nye impulsar i landskapsarbeidet vårt . I England er fokuset på samspel mellom natur og kultur svært viktig, og den engelske landsbygda gjev difor ei god ramme for ein studietur med den europeiske landskapskonvensjonen som tema.
     
    Det er eit mål å møte menneske i offentleg forvaltning som arbeider med praktisk implementering av landskapskonvensjonen, men vi håpar også å få møte ein ressursaperson som har vore med på å utarbeide konvensjonen. Samstundes er det viktig å få ei forståing for det engelske landskapet, folk si oppfatning og bruk av det. Sentralt i studieturen er refleksjonar kring opplevinga og ein fagleg diskusjon i norsk kontekst.
     
    Det ferdige turprogrammet vert lagt ut på heimesidene så snart det er klart, men hovudtrekka i opplegget er:
     
    Den første dagen reiser vi frå Heathrow og vestover mot den vesle byen Stroud. Denne byen vert basen vår under heile turen, og er eit flott utgangpunkt for småturar i det spesielle landskapet og møte med fagfolk innan arbeid med landskap på ulike felt. Aktuelle instansar her er:
    • D et nasjonale Forestry Commission
    • Dei lokale myndigheitene Gloucestershire County Council og Stroud District Council
    • Stroud Common Wealth som arbeider med land- og landskapsspørsmål i dei engelske bygdeområdene
    • Avd. for Landskap og geodiversitet i det nasjonale organet Natural England
    • Cotswolds Area of Outstanding Natural Beauty (AONB) i Northleach
    • Countryside og Community Research Institute i Cheltenham
    Torsdag 26. mars reiser vi tidleg til Bath langs 'the Romantic route' og møter representantar frå lokale myndigheiter. Mellom anna får vi møte landskapsteamet med landskapsarkitekt Andrew Sharland og leiaren for forvaltninga av kulturarven i Bath. Vi håpar også å få treffe politikarar i Bath for å kunne diskutere korleis landskap er forankra som tema i denne gruppa.
     
    Om ettermiddagen og kvelden i Bath kan deltakarane oppleve dei varme kjeldene midt i byen, dei arkeologiske utgravningane frå tida då romarane dominerte bybiletet, bygningane the Royal Crescent/ Cirkus som har vore kulisser i Austen-filmar, shopping på Pultney bridge eller rusle i ein av byparkane.
     
    Kontaktperson
    Kari Olrich Sørebø
    Tlf +47 55239293 / 99153316
     
    Her er nokre aktuelle lenkjer. Dei vert supplerte etter kvart.
    (22.01.2009 Oppdatert: 28.04.2010)

    Hopp til menyen Hopp til innhold