Landskapiplan.no
    Du er her: Hovudside
    Hopp til menyen
    Avansert

    Landskap styrkt i forslag til ny planlov

    Odelstingsproposisjon nr. 32 viser til behovet for å modernisere plansystemet i dagens plan- og bygningslov, og det er laga eit forslag til ny plandel i lova. Arbeidet med landskap får med dette ein betre reiskap når lova trer i kraft 1. juli i år.
    Forslag til ny plan- og bygningslov har mange større endringar som får betydning for arbeidet med landskap. Allereie i føremålsparagrafen vert det vist til berekraftig utvikling og viktige tema som til dømes medverknad, langsiktige løysingar, konsekvensar for miljø og samfunn og estetisk utforming av omgivnadene våre. Det går også tydelegare fram kva som er meint med tiltak etter lova, og her er terrenginngrep spesielt nemnt.
     
    Kapittel 3 (innleiande planføresegner) slår fast at planar skal sikre kvalitetar i landskapet og vern av verdifulle landskap og kulturmiljø. I tillegg vert det lagt vekt på god forming av bygde omgivnader, samarbeid og oppfølging av internasjonale konvensjonar (som den Europeiske Landskapskonvensjonen).
     
    Det er likevel del IV om Kommunal planlegging som er av stor relevans for landskapsarbeidet og -prosjektet. I kapittel 11 og 12 vert det rydda opp i arealføremål, og nye føremål som til dømes 'henssynssoner' og 'grønnstruktur' er oppretta. Generelt vert det opna for å lettare kunne ta landskapsomsyn i planarbeidet.
     
    Landskapsprosjektet har starta arbeidet med å lage ein rettleiar med råd om landskap i kommunal planlegging. Ei av hovudutfordringane vil vere å bruke lovverket og gi gode råd som speglar moglegheitene den nye lovteksten opnar for.
     
    I linken under finn de Ot.prop. nr 32, og sjølve lovtekstforslaget startar på side 259.
    (02.02.2009 Oppdatert: 28.04.2010)

    Relaterte dokument
    Kontaktpersonar
    Hopp til menyen Hopp til innhold