Landskapiplan.no
    Du er her: Om prosjektet
    Hopp til menyen

    Landskap i kommunal planlegging

    Landskapet er eit grunnleggjande element i natur- og kulturarven vår, og påverkar livskvalitet og helse. Samstundes er landskapet alltid i endring, og desse endringane påverkar identiteten og trivselen til menneska.
    Noreg ratifiserte den europeiske landskapskonvensjonen i 2001. Konvensjonen omfattar alt landskap, men legg særleg vekt på landskapet der folk bur og arbeidar, og der born veks opp. 
     
    Miljøverndepartementet har invitert Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland til å arbeide med iverksetjing av landskapskonvensjonen gjennom kommunal planlegging. Kommunane har ei nøkkelrolle i forvaltninga av det norske landskapet gjennom plan- og bygningslova. Det er difor nødvendig med kommunal politikk og planlegging for å nå nasjonale mål om implementering av landskapskonvensjonen. Fylkeskommunen og Fylkesmannen samarbeidar med kommunane Granvin, Lindås, Samnanger og Sund om prosjektet.
     
    I landskapskonvensjonen er bevisstgjering og medverknad sentralt, og det unike for dette prosjektet er vektlegginga av planprosessane meir enn sjølve analysane. Fagmiljøa sit på kompetanse om kva som er landskapsverdiar og korleis desse kan ivaretakast. Samtidig har innbyggjarane i ein kommune mykje kunnskap om kva som er kvalitetane i landskapet på sin heimplass.
    I landskapskonvensjonen er bevisstgjering og medverknad sentralt, og det unike for dette prosjektet er vektlegginga av planprosessane meir enn sjølve analysane.
     
    Ufordringa i prosjektet er å tilpasse resultat frå faglege analysar til dei lokale tilhøva og lokale planprosessar, slik at landskapsomsyn vert konkretisert i planleggina.
    Å forvalte landskapskvalitetar på ein betre måte gjennom kommunal arealplanlegging
     
    1. Identifisere og analysere landskapskvalitetar i konkrete planområde
    2. Utvikle og ta i bruk verktøy for å kunne ta landskapsomsyn gjennom  kommunal planlegging
    3. Bevisstgjere befolkninga, politikarar og byråkratar i kommunane på kva som kan vere landskapskvalitetar og korleis desse kan innarbeidast i planlegginga
    4. Skape ein felles læringsarena på tvers av sektorar og nasjonalt, regionalt og lokalt forvaltningsnivå
    (12.06.2007 Oppdatert: 23.10.2009)
    Relaterte dokument
    Avansert

    Prosjektplan

    prosjektplan

    Vårosp på Lygra

    vårosp175

    Kontaktpersonar

    Hopp til menyen Hopp til innhold