Landskapiplan.no
    Hopp til menyen

    Landskapskonvensjonen i Hordaland

    Føremålet med den europeiske landskapskonvensjonen er å verne, forvalte og planlegge landskap og organisere europeisk samarbeid på desse områda.
    Landskap vert i den europeiske landskapskonvensjonen definert slik: ”Et område, slik folk oppfatter det, hvis særpreg er et resultat av påvirkningen fra og samspillet mellom naturlige og/eller menneskelige faktorer.”
     
    Noreg ratifiserte den europeiske landskapskonvensjonen i 2001. Konvensjonen omfattar alt landskap, men legg særleg vekt på landskapet der folk bur og arbeidar, og der born veks opp.
     
    Landskap i kommunal planlegging er starta i Hordaland som ein del av implementeringa av landskapskonvensjonen. Prosjektet legg vekt på ivaretaking av landskapet gjennom planlegging. 96% av Noregs landareal vert forvalta gjennom Plan- og bygningslova, det er difor svært relevant å jobbe med landskap gjennom dette lovverket.
     
    Les meir om den europeiske landskapskonvensjonen må Miljøverndepartementet sine heimesider i lenka under.
     
     
    (13.06.2007 Oppdatert: 25.03.2010)
    Avansert

    Nasjonal landskapskonferanse i Grieghallen 24. - 25. november

    Tema for konferansen er "Den europeiske landskapskonvensjonen og kommunane. Alt landskap tel!" Les meir om konferansen.
    Hopp til menyen Hopp til innhold